mandag 16. november 2009

Ny kampanje!

Ny kampanje! Fram til og med 23 november kan du benytte deg av følgande rabattkode "NOVEMBERSALG" å få 15% rabatt på alle varer!Kjøp dine julegåver på Steikjefine.noVil du ha noko til deg sjølv eller andre men veit ikkje heilt kva? Ta kontakt på post@steikjefine.no så skal eg hjelpe deg så godt eg kan!

mandag 28. september 2009

Haustrabatt!

Frå og med i dag, fram til 11.10 har Steikjefine tilbod på ALLE langarma produkt! Bruk rabattkoda "Varmhøst" og få 20% rabatt på alle varene med lange armar! Dette gjeld sjølvsagt også dei varene du lagar sjølv i designerbutikken.

lørdag 1. august 2009

Sommarkampanje og TV-innslag

Steikjefine.no har sommarrabattar 6-23. august! Ved å bruke rabattkoda "SOMMERTID2009" får du 15% rabatt ved kjøp for over 300kr!

Elles har TVSunnmøre hatt eit innslag med Steikjefine, dette kan du sjå på www.tvs.no. Det er første innslaget som frå sendinga frdag 31. juli.

torsdag 16. juli 2009

Nye fontar!


Steikjefine har fått 6 nye fontar å velge mellom i designaren sin! No har du litt meir å velge mellom når du skal lage deg eit nytt stilig plagg!
Fleire fontar kjem i framtida!

onsdag 15. juli 2009

Fri frakt

Gratis frakt frå torsdag 16. til og med søndag 19. juli ved kjøp av to eller fleire produkt! Bruk rabattkode "FRIFRAKT" for å nytte deg av tilbodet!

mandag 6. juli 2009

Nye produkt!

Steikjefine har mange nye produkt klare, desse kan du designe sjølv gjennom designerprogrammet. http://www.steikjefine.no/designer.html Sorter kategoriar til "nye produkter" og få oversikt over kva som er nytt. Enkelte av desse er av ein midlertidig eksklusiv kolleksjon som er høgare i pris enn dei ordinære varene, men av høg kvalitet.

mandag 22. juni 2009

God sommar!

Vi går mot sommar og i den forbindelse vil Steikjefine ønske alle kundar ein god sommar!

For dei som ikkje har besøkt butikken i det siste kan eg nemne at sida har fått ny design, den beste hittil. Eg vil rette ei stor takk til grafisk designar Silja Haddal Mork som har utforma den nye Steikjefine-logoen som prydar øvst på nettsida og på facebookgruppa. Denne og nokre andre design i samme stil vil pryde ein stor kolleksjon som kjem seinare i sommar.

Sidan sist har Steikjefine inngått ein avtale med eit norsk trykkeri som vil kunne levere store bestillingar. Skal du bestille mange klede med samme trykk kan du ta kontakt, så ser vi om dette løner seg å produsere her. Grunna store oppstartskostnadar ved trykking kan vi kun tilby dette ved større bestillingar.
Vidare i sommar vil eg arbeide med den nemnte kolleksjonen og forsøke å finne lokale butikkar som vil selge Steikjefine sine klede.

For å få litt fleire medlemer på facebookgruppa har eg bestemt meg for å dele ut 3 gavekort når vi har passert 1.000 medlemer. Så det er bere å sette i gong med invitasjonane! Alle som følg steikjefine på Blogspot (www.steikjefine.blogspot.com) er også med i trekninga. Er du med her også har du dobbel sjans for å få gavekort!

Send gjerne inn bilder av dine Steikjefine klede!

torsdag 18. juni 2009

Litago ku-kunst

Litago ku-kunst: "Nå kan du lage Litago ku-kunst! Se min her: http://tinyurl.com/mw4ln4
Ku-kunst"

onsdag 20. mai 2009

Rabattar!

Gratis frakt til og med onsdag 27 mai! Bruk rabattkode STEIKJEFINEFRAKT for å benytte deg av tilbodet!

Bli med i Facebookgruppa eller abbonnèr på bloggen vår for å få med deg alle våre kampanjer og tilbod!

mandag 18. mai 2009

Oppdatering på Steikjefine

Steikjefine.no har fått ei ansiktslyftning i løpet av dagen, eg håper eg ikkje skapte problem for besøkande den tida eg holdt på. Dagens utsjånad blir også kun midlertidig, ettersom eg er i ferd med å hyre grafisk designar som kan hjelpe meg med "pynten". Det er også lagt ut nye dame- og herreprodukt!Eg set stor pris på alle tilbakemeldingar om butikken/produkta med meir. Stor takk til alle som har invitert alle bekjente her på Facebook, fortsett den gode jobben, så skal eg jobbe vidare med å utbetre både butikken og kleda!

Og til ho eg støtte på i går som var redd for å kjøpe uoriginale klede: No har eg sett på salsstatisktikken:- 40-50% av alle sal på steikjefine.no skjer gjennom designaren (http://www.steikjefine.no/1design.html)- ca. 30% av alle sal skjer utanfor dei 7 kommunane betegna som "søre Sunnmøre"- ca. 10% av alle sal skjer til andre fylker enn Møre & Romsdal- ca. 30% av dei ferdig designa kleda blir endra på før kjøp, dvs. endring av tekst og/eller farge.