mandag 22. juni 2009

God sommar!

Vi går mot sommar og i den forbindelse vil Steikjefine ønske alle kundar ein god sommar!

For dei som ikkje har besøkt butikken i det siste kan eg nemne at sida har fått ny design, den beste hittil. Eg vil rette ei stor takk til grafisk designar Silja Haddal Mork som har utforma den nye Steikjefine-logoen som prydar øvst på nettsida og på facebookgruppa. Denne og nokre andre design i samme stil vil pryde ein stor kolleksjon som kjem seinare i sommar.

Sidan sist har Steikjefine inngått ein avtale med eit norsk trykkeri som vil kunne levere store bestillingar. Skal du bestille mange klede med samme trykk kan du ta kontakt, så ser vi om dette løner seg å produsere her. Grunna store oppstartskostnadar ved trykking kan vi kun tilby dette ved større bestillingar.
Vidare i sommar vil eg arbeide med den nemnte kolleksjonen og forsøke å finne lokale butikkar som vil selge Steikjefine sine klede.

For å få litt fleire medlemer på facebookgruppa har eg bestemt meg for å dele ut 3 gavekort når vi har passert 1.000 medlemer. Så det er bere å sette i gong med invitasjonane! Alle som følg steikjefine på Blogspot (www.steikjefine.blogspot.com) er også med i trekninga. Er du med her også har du dobbel sjans for å få gavekort!

Send gjerne inn bilder av dine Steikjefine klede!

torsdag 18. juni 2009

Litago ku-kunst

Litago ku-kunst: "Nå kan du lage Litago ku-kunst! Se min her: http://tinyurl.com/mw4ln4
Ku-kunst"